Pensjonistar – misjonsmark og misjonærar

Det vert stadig fleire eldre her i landet, særleg om vi definerer eldre ut frå kor mange som tek ut alderspensjon. Dei siste fem åra har denne gruppa auka med 200.000, og innan 2020 vil over ein million nordmenn vera over 62 år og ta ut pensjon, viser statistikken. I tillegg til at folk tek ut pensjon tidlegare enn før, har gjennomsnittsalderen gått opp og helsa og livskvaliteten er betre.

Det er med rette stort fokus på barn og unge, og i det kristne arbeidet er det mange barne- og ungdomsarbeidarar. Det er på langt nær eit like stort fokus på den eldre generasjonen, og det er svært få som har denne aldersgruppa som hovudoppgåve i misjonsarbeidet, diverre. Rett nok er det mange eldre som kan vera med i det «vanlege» arbeidet, slik at det ikkje trengst eit spesialarbeid for desse, men det er samstundes ei eige målgruppe.

Sjølv om mange pensjonistar har mykje å ta seg til, disponerer dei trass alt tida si sjølv, og mange har god tid. Difor gjer vi klokt i det kristne arbeidet i å laga spesielle arrangement for denne aldersgruppa, og det kan like gjerne vera på dagtid som om kvelden. Etter som åra kjem eller sjukdomen trengjer på, vil mange også ha behov for besøk heime og omsorg av ulik karakter. Den oppgåva er det mange «unge» pensjonistar som kan gå inn i. Misjonsarbeid blant eldre har vorte kalla «hastemisjon», fordi det minkar på åra å nå dei.

Som pensjonistar er ei misjonsmark, kan kristne pensjonistar vera misonærar og ein stor ressurs i arbeidet. I Bergen driv vi ein kristen bokhandel der personalet i stor grad er pensjonistar. Slik kan eldre vera ein ressurs i mange samanhengar ut frå sine interesser, si utdanning, sine naturgåver og sine nådegåver. Den mest effektive gjevartenesta økonomisk sett, er å gje arbeidstid der ein elles måtte ha lønna folk. Vi bør medvite leggja til rette for at pensjonistar på ulønna basis kan gå inn i ulike stillingar og oppgåver, og elles vera aktive i det som skjer av frivillig arbeid. Ein del bør pensjonera seg tidleg for å kunna gjera nettopp dette!

Johannes Kleppa