For liv trengst det informasjon

Skapelse

Det er eitt spørsmål som evolusjonistar er ute av stand til å svara på: Korleis oppstår den informasjonen som er føresetnad for alt liv? Professor Kjell J. Tveter gjer ein eineståande innsats for å påvisa korleis alt live er oppbygd, og korleis alt liv kviler på ein omfattande, kompleks og målretta informasjon. Skal liv i heile taket eksistera, må denne informasjonen vera tilstades, og han må vera der som utgangspunkt for livet. Han kan ikkje koma til litt etter kvart.

Frå det daglege livet veit vi at informasjon aldri kjem til av seg sjølv, det må alltid vera ein informatør. Slik er det også i det store perspektivet. Det er ingen kjente tilfelle av at informasjon har vorte til av seg sjølv, heller ikkje i naturvitskapen. Alle fagfolk veit samstundes at den informasjonen som ligg i sjølve livet og som gjer at livet fungerer, må ha vore der i det livet vart til – men ingen er i stand til å forklara naturvitskapleg korleis informasjonen kom til. Den einaste «forklaringa» er at det skjedd spontant og så langt tilbake i tida at det ukjent for oss.

Som Tveter skriv i ein kommentar til professor Jarl Giske, er sjansen for dette så ufatteleg liten at det krev eit naturalistisk livssyn for å tru det (Dagen 14/79. Det er berre fordi ein ikkje vil tru på Gud, at ein trur noko slikt. Den som trur på Gud som skapar, han som er den absolutte intelligens, har ikkje noko problem med kor informasjonen kjem frå. Spørsmålet om informasjon er truleg det naturvitskaplege momentet som sterkast talar for Gud som skapar, og at skapinga er vilja og målretta, og mot evolusjonslæra, og at alt er tilfeldig og utan mål og meining.

Johannes Kleppa