Eit Jesus-bilete frå Roma

Alle vegar fører til Rom, seier eit gamalt ord. Endeleg har ein av vegane ført også meg dit. Roma er full av historie av alle typar, ikkje minst kyrkjehistorie. Roma er også fullt av kunst, særleg kyrkjekunst i dei mange katolske kyrkjene. Kyrkjekunsten har frå starten av ein pedagogisk funksjon. Den tida folk flest ikkje kunne lesa, måtte ein bruka andre verkemidlar enn det skrivne ordet for å formidla fortelling om Jesu liv, død og oppstode. Då malte ein bilete som skildra bibelsoga på veggene i kyrkjene. Saman med forkynninga fungerte dette som kristen opplæring. I tillegg fekk ein helgen- og Maria-bilete.

Er det nokon stad bibelsoga er malt, må det vera i Peterkyrkja i Vatikanet. Det er overdådig med kyrkjekunst her, og ved ein vandring gjennom bygningane kan ein berre få med seg litt – og ein kan gjera seg mange tankar om det ein ser og opplever. Til tider vert ein dregen meir mot Jesu mor enn til hennar son, Guds son.

Eit av bileta i ein lang sidesal til kyrkjerommet er svært spesielt. Det er eit maleri av Jesus i det han stig ut or grava. Det er malt slik at same kor i rommet du er, ser Jesus på deg. Etter som du går, fylgjer augo hans med deg – og det er eit omsorgsfullt blikk. Biletet er også slik at fotstillinga gjer at Jesus kjem gåande mot deg, same kor i rommet du er. Han fylgjer deg ikkje berre med blikket, men er alltid på vandring mot deg. Dette er eit svært godt uttrykk for slik Jesus er overfor oss mennesket. Etter oppstoda si ser han oss, og han kjem til oss.

Jesu blikk til Peter etter at Peter hadde fornekta han, er kjent, og ofte omtalt som eit omsorgsfullt og tilgjevande blikk. Det same blikket har han på maleriet overfor alle menneske. Han er den som kjem oss i møte med syndstilgjeving, omsorg og hjelp på alle livsområde.

Johannes Kleppa