Karismatikk til frustrasjon

Karismatikk er så mangt og i så ulike valørar, at det ikkje er rett å greia alt og alle med same kammen berre ein kan nytta dette ordet på dei. Ordet karismatikk går tilbake til ordet for nåde og nådegåver, og med det har det eit sentralt bibelsk utgangspunkt med tanke på frelse og teneste. Det er likevel slik at ordet etter kvart har vorte ein vignett for bestemte teologiske retningar, og ikkje berre for ei bibelsk forkynning av nådegåvene. I moderne karismatikk ligg det bestemte teologiske oppfatningar og ei bestemt vektlegg i kristendomsforståing, tenesteforståinga og forkynninga – sjølv om både teologien og vektlegginga kan variera noko.

Det vert lett debatt og usemja knytt til karismatikken, og det aukar på i takt med kor ytterleggåande karismatikken er. Det er særleg knytt til teikn og under det kvesser seg til, og det toppar seg gjerne knytt til predikantar som hevdar dei har vekt døde til live eller som «garanterer» for helbredingar.

Eg høyrer til dei som er kritiske til mykje av den moderne karismatikken, samstundes seier eg til meg sjølv at eg ikkje må verta lukka inne i ei vestleg rasjonell og materialistisk oppfatning av tilværet, der det Bibelen lærer om teikn og under vert utelukka. Det er ein åndsdimensjon i tilvære som det sekulære og naturalistiske Vesten har avskrive, og det pregar tenking og handlemåte. I andre verdsdelar, ikkje minst i Afrika, har åndsdimensjonen og åndsmakter ein langt meir naturleg plass enn her på berget – og det spørst om ikkje det er meir i samsvar med den bibelske røyndomsforståinga enn slik vi tenkjer i det «opplyste» Vesten.

Det er likevel eit langt stykk veg å gå herifrå til å kalla til seg ytterleggåande karismatiske predikantar frå Afrika eller andre delar av verda, for å få med denne åndsdimensjon. Her kan vi enkelt gå til Bibelen, og denne har vi faktisk her i landet også! Det vert rett som det er arrangert stormøte med kjendispredikantar av karismatisk karakter, som står for ubibelsk teologi og usunn praktisk, og som skaper mykje debatt og frustrasjon. Det gjeld delvis også for talarval i Oase. Eg forstår ikkje at dette skal vera nødvending, og eg forstår ikkje at åndelege leiarar ikkje lærer av den negative erfaringa på dette området.

Johannes Kleppa