Kristendom og islam – Jesus og Muhammed

Når vi skal samanlikna ulike religionar, er ofte det enklaste og mest pedagogiske å samanlikna dei som er opphavet til dei aktuelle religionane, altså religionsstiftarane. Slik er det spesielt når det gjeld islam og kristendommen. Ein lærar ved ein kristen friskule gjorde nett dette, og det fekk skulen kritikk for, og det vart ei mediesak av det. Dei som fronta kritikken i media, hadde tydelegvis lite greie både på islam og kristendom, og dei var også ukjende med at samanlikning av religionsstiftarar er ein god og anerkjent pedagogiske metode. Rektor ved skulen kom her i knipe, fordi det er ikkje lett å forklara slike ting i ei kort medieinnslag. Eg hadde likevel vona at han hadde funne ein annan innfallsvinkel enn full retrett i saka.

Eg likar ikkje å omtala kristendommen som religion, fordi kristendommen kjem frå Gud, medan religionane er menneskeverk. Eg likar heller ikkje å omtala Jesus som ein religionsstiftar, fordi han er sjølve Frelsaren – altså innhaldet i kristentrua, medan religionsstiftarar er menneske og deira gjerning er menneskeverk utan reelt innhald, altså utan frelse. Når vi skal samanlikna kristendommen med religionane, kjem vi likevel ikkje utanom denne språkbruken. Det er samsvar mellom religionsstiftaren og religionen.

Ved å samanlikna Jesus og Muhammed får vi fram hovudforskjellane på kristendommen og islam på ein enkel og radikal måte. Då ser vi kor ulike – og motsette – desse to religionane er. Vi kan ikkje la vera ei slik samanlikning berre fordi Jesus og kristendommen då kjem godt ut samanlikna med Muhammed og islam. Det ville vera å underslå fakta og føreta uhistorisk og usakleg harmonisering. Det skaper meir forvirring enn oppklaring, men det skjer diverre i stor grad.

Vi har ikkje plass til ei slik samanlikning her, men ho ville vist at Jesus og Muhammed er svært ulike både som personar og i deira liv og gjerning.

Johannes Kleppa