Forkynn Ordet!

Forkynner på talerstol

Eg har nett i undervisningssamanheng gått gjennom Paulus andre brev til Timoteus. Dette er eitt av pastoralbreva og inneheld mykje som er aktuelt med tanke på det kristne arbeidet og for tenarar i den kristne forsamlinga. I tillegg er det mykje som er dagsaktuelt, ikkje minst det som gjeld sunn lære og forholdet til vranglæra.

Apostelen Paulus har ei sterk formaning til at Guds ord vert forkynt. Før oppmodinga til å forkynna Ordet, og vera budd til dette i tid og utid, skriv Paulus: «Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike:» – og så kjem formaninga (4,1f). Apostelen legg altså svært stor tyngde til formaninga om å forkynna. Han tek Gud til vitne og garantist for at dette er rett, og han tek Jesu domsmakt og atterkome til vitne om det. Dette viser at det er ei avgjerande viktig sak og formaning.

Paulus viser at han tenkjer nokså breitt om forkynninga, for han legg til: «Overtyd, tal til rette og tal til trøyst, påminn med alt langmod og all lære.» Dette skal Timoteus og vi vera budde til i «tid og utid». Det står ikkje at vi skal forkynna i tid og utid, men at vi skal vera budde til det. Vi skal altså alltid vera budde til å kjøpa den lagelege tida, men vi skal ikkje opptre på ein utidig måte eller med press. Skal vi vera budde til dette, må vi leva i det Ordet vi skal bera fram.

Dette skal vi gjera fordi Gud gjer sin frelsesgjerning ved forkynninga, men vi skal også gjera det fordi det vil kom ei tid der folk ikkje vil tola den sunne læra, men ta seg lærarar som klør dei i øyra. For å motverka dette og konsekvensane av vrang lære er det svært viktig at Ordet vert sant forkynt, slik at den sunne læra får skapa og forma ei sunn tru.

Johannes Kleppa