Den norske kyrkja – medlem eller ikkje?

Dei seinare åra har ein del bedehusfolk meldt seg ut av Den norske kyrkja (Dnk). Framover vert det nok enda fleire, men truleg vert dei fleste ståande som medlemmar – av ulike grunnar. Etter vedtaket i Kyrkjemøtet (KM) om å innføra liturgi for «vigsling» av likekjønna par, bør alle gå inn for Guds åsyn og tenkja gjennom den situasjonen som vi no er i.

Sjølv melde eg meg ut av Dnk rett før jul, og grunngav det offentleg gjennom eit innlegg i Dagen, der eg argumenterte ut frå den teologiske situasjonen i Dnk (og på MF) generelt, med det som skjer i homofilisaka spesielt og med Dnk sitt forhold til Israel og jødefolket. Når eg nemner dette her, er det ikkje for at min argumentasjon og handlemåte skal oppfattast som norm for andre, men for at min posisjon i saka skal vera klar når eg skriv om spørsmålet.

Når ein skal vurdera sitt medlemskap i Dnk kan ein ta utgangspunkt i det som skjer i kyrkja sentralt, særleg representert ved Bispemøtet (BM) og KM, eller ein kan ta utgangspunkt i det som skjer på lokalplanet ut frå presten og alle andre som engasjerer seg i kyrkjelyden.

Det er ikkje tvil om at det er BM og KM som formelt og prinsipielt definerer kva Dnk står for, særleg ved liturgivedtak. Av denne grunn er det også slik at den liturgien som no skal innførast for likekjønna par, skal gjerast gjeldande i alle kyrkjelydar. Lokalkyrkjelydar kan ikkje reservera seg. Det er berre på individplanet det er mogleg å velja. Samstundes er det praktisk sett slik at det er prestens lære og forkynning, saman med alle som tek ansvar lokalt, som avgjer korleis kyrkjelyden framstår og kva som skjer der. Presset frå sentralt hald må ein realistisk rekna med vert stadig sterkare. Det heng også saman med den presteutdanninga vi no har, særleg ved MF.

For min del la eg hovudvekta på situasjonen i Dnk sentralt og den utviklinga vi ser generelt, når det gjaldt utmeldinga. Den som legg hovudvekta på situasjonen på lokalplanet, kan anten få ekstra argument for å melda seg ut eller få argument for å verta ståande.

KM-vedtaket har som premiss at spørsmålet om likekjønna «ekteskap» ikkje er kyrkjesplittande, og det likestiller det heterofile ekteskapet og det likekjønna «ekteskapet», og fylgjer med det opp den kjønnslikegyldige «ekteskapslov» vi har. Ut frå dette kan eg ikkje sjå at bibelforplikta kristne kan bruka dette vedtaket som grunn for å halda fram i Dnk, det må heller vera trass i KM-vedtaket. Gjer ein klart at ein held fram i Dnk trass i vedtaket, kan ein vera ei motkraft der, men dersom ein vert der på grunn av og i lojalitet mot vedtaket, vil ein vera med på å fremja den teologiske og ideologiske tenkinga dette er bore oppe av.

Johannes Kleppa