Rom for det bibelske ekteskapet?

Laurdag denne veka er 9. april, og det er som kjent ein skjebnedag i norsk historie. Same datoen i år vert saka om vigsel av likekjønna drøfta i Kyrkjemøtet. Med det vert også datoen ein skjebnedag i kyrkjehistoria.

Som kjent er det to «syn» i saka, og Bispemøtet (BM) og Kyrkjerådet (KR) har fremja vedtak om at begge «syna» skal gjerast gjeldande som liturgi i Den norske kyrkja (Dnk). Det grunnleggjande prinsippet for dette framlegget er nettopp at det dreier seg om ulike «syn», ikkje kyrkjesplittande vranglære. I mykje av debatten, særleg frå konservativt hald, vert det oversett eller lagt lite vekt på at premisset for biskopane og KR er at liturgi for vigsel av likekjønna par ikkje er kyrkesplittande. Dette premisset og denne mangel på realisme i forhold til framlegget, kan visa seg å vera skjebnesvangert for bibeltru teologi og forkynning i Dnk.

Over 200 prestar har i eit debattinnlegg bede om ordningar som gjev det klassiske synet på ekteskapet rom i Dnk på ein slik måte at prestar som står for dette, kan halda fram i si teneste der. Det er på høg tid prestar engasjerer seg på denne måten, men det er truleg for seint og viljen til handling er truleg for svak. Tilpassingsånda er sterk.

Avtroppande kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindøe er i Dagen (7. april) referert på at han meiner det framlegget til vedtak som ligg på bordet frå BM og KR «ivaretar det rommet prestene etterspør i sin erklæring». Dersom prestane hadde oppfatta det slik, hadde dei vel ikkje gått ut med dette innlegget no? Det synest ikkje som at Lindøe tek på alvor alt som fylgjer med likestilling av dei to «syna», og det premisset som ligg i at dette ikkje er kyrkesplittande. Det har med opplæring og forkynning å gjera, det har med nattverd og sjelesorg å gjera, og det har med tilsyn og åndeleg samfunn å gjera. Det tradisjonelle ekteskapssynet er ikkje spelt fritt i høve til noko av dette, og med det heller ikkje prestar og andre tenarar i Dnk.

Lindøe seier også at «forslaget gir det klassiske synet på ekteskapet full annerkjennelse, men slår samtidig fast at det er to syn». Også dette er ei underkjenning av premisset om at saka ikkje er kyrkjeslittande. Det klassiske synet på ekteskap anerkjenner berre ekteskap mellom ein mann og ei kvinne, alt anna er kyrkjesplittande vranglære – og difor er ikkje det klassiske eller bibelske synet på ekteskapet ivareteke i det som no vert vedteke.

Johannes Kleppa