Påskemøta på Salem bedehus

IMG_9756.CR2

Oppmøtet har til no vore godt, og det er veldig kjekt å sjå at det er god blanding mellom eldre og yngre som har kome på møtene så langt. Ver gjerne med og husk på møtene i bøn, og er du ein plass i nærleiken så er du hjarteleg velkommen til å koma!

Påskeafta er komen og me er allereie halvvegs i Sarepta sin påskemøteserie på Salem Bedehus i Sola. Det er styreleiar i Sarepta, Johannes Kleppa, og Dagfinn Sandal som forkynner Guds Ord på møtene. Johannes underviser gjennom bibeltime over dagens tekst/påskehending, medan Dagfinn – som han sjølv seier – kjem med ei litt lettare tilnærming på andre møtet.

Skjærtorsdag fekk me song av Anna og Olene og langfredag var det Oddlaug Kleppa som song på første møtet og Dagfinn sjølv song på andre møtet. Dagfinn har fått oppfordring om å trekka fram gitaren fleire gonger, så det vonar me han gjer! Første påskedag vert det song av Ingibjörg og Arild Melberg.

Oppmøtet har til no vore godt, og det er veldig kjekt å sjå at det er god blanding mellom eldre og yngre som har kome på møtene så langt. Ver gjerne med og husk på møtene i bøn, og er du ein plass i nærleiken så er du hjarteleg velkommen til å koma!

17:00 Bibeltime med Johannes Kleppa
18:15 Kaffipause med litt snacks
18:45 Møte med Dagfinn Sandal

Salem Bedehus ligg litt over éin km. mot Tananger frå krysset ved Sola VGS/Flymuséet – på høgre side av vegen, ved Sola Prestegårdsveg.

Eiríkur Melberg

Bilder fra samlingene:

IMG_9729.CR2IMG_9745.CR2IMG_9758.CR2IMG_9730.CR2IMG_9739.CR2IMG_9744.CR2IMG_9753.CR2IMG_9764.CR2