Gleda frå krossen

Eg var på ei samling for nokre dagar sidan der møteleiaren reflekterte litt rundt at vi nærmar oss påske og kva det inneber. Han peika på at det er svært stort spenn i påskehendinga og kjenslereaksjonane knytt til det som skjer. Det spenner frå den djupaste smerte til den overstrøymande gleda. Om det var eitt ord som skulle karakaterisera det som gjeld påske og konsekvensane av det som skjedde då, ville han løfta fram ordet «glede». Det var godt sagt. Sjølv om krossen og ordet om krossen – og med det liding og død – er sjølve dreiepunktet i påskehendinga, er det slik at det går glede ut frå krossen – ei glede som går via oppstoda.

Det heiter om Gud at han «hadde hugnad i å knusa» Jesus på krossen (Jes. 53,10), slik var det fordi det var mennesket si einaste von til frelse. Av same grunn heiter det at Jesus leid krossen med tolmod, for «å oppnå den gleda som venta han» (Hebr. 12,2). Det heile er for at gleda vår «kan vera fullkomen» (1Joh 1.4). Då Emmaus-vandrarane forstod at det var Jesus som var i lag med dei, heiter det at dei «ikkje trudde for berre glede» (Luk 24,41)!

Det er altså ikkje slik at krossen og ordet om krossen skaper mørke og ei trist sinnsstemning. Rett nok skaper det alvor og ettertanke, men av den typen som går over i og opp i glede. Den sannaste og djupaste gleda spring ut av krossen, fordi her er det syndstilgjeving og frelse å finna.

Det er å vona at vi alle i påskehelga får leva ved krossen og av ordet om krossen, slik at den sanne gleda får livsrett og livsrom. Det er også å vona at ordet om krossen må verta forkynt slik rundt omkring i landet vårt, i Spania, i Israel og til endane av jorda at lyset frå evangeliet får skapa glede hjå mange. Den gleda som fekk utløysing i Jesu oppstode frå dei døde, som eit avgjerande prov på at frelsesverket var fullført og fullkome.

Johannes Kleppa