Dåpen – skapinga og frelsa

Eg sluttar ikkje å undra meg over kva teologiske professorar kan få seg til å skriva, særleg nokre av dei lutherske. I Dagen (28/1) skriv Hallgeir Elstad om «Dåpsliturgi og skapingsteologi». Han skriv at når barnet vert motteke til dåp, må det «skje med eit skapingsteologisk utgangspunkt». Han hevdar at «barnet vert motteke til dåp i kyrkja fordi det er skapt av Gud og tilhøyrer skapinga», og at «barnet er Guds barn frå fødselen av». Dette er ei ny og ubibelsk dåpslære, som korkje er katolsk, luthersk, metodistisk eller baptistisk. Elstad vil ikkje at dåpen skal orienterast ut frå synda og Jesu frelsesverk.

Det har vorte nokså vanleg i liberal og sentrumsorientert teologi å orientera dåpen ut frå skapinga, og at vi er skapte i Guds bilete. Då er tanken at vi tilhøyrer Gud i kraft av skapinga, og vi vert så innlemma i kyrkja ved dåp. På den måten er alle døypte fullverdige kyrkjemedlemmar – og alle fødde er Guds barn.

Det er rett at Gud er far til alt og alle, sett i skapingsperspektiv, og difor lever og rører alle seg i kraft av han. I frelsesperspektiv er det derimot gjennom Jesus – og berre gjennom hans frelsesverk – vi har Gud til Far, og det er her dåpen har sin plass. Ut frå metodistisk lære vert barna døypte fordi dei er Guds barn i kraft av forsoninga i Jesus, ikkje ut frå skapinga. Ut frå baptistisk lære vert vaksne døypte fordi dei er Guds barn ved trua, ikkje ved skapinga, og ved dåpen vert innlemma i kyrkja. Ut frå katolsk og luthersk teologi er barnet ikkje Guds barn i kraft av skapinga, men vert atterfødd og innlemma i kyrkja ved dåpen. Katolikkane reknar at barnet vert Guds barn ved utført dåpsgjerning, medan lutheranarane reknar det skjer ved trua. Når ein ikkje reknar einsidig ut frå skapinga, er det fordi det kom eit syndefall – og fordi det kom eit frelsesverk.

Dersom barnet hadde samfunn med Gud i kraft av skapinga, trong vi ikkje nokon dåp eller noko frelsesverk. Det er på grunn av syndefallet vi treng dåpen, og det er i kraft av Jesu forsoningsverk dåpen er gyldig og verksam ved Ordet som forkynner dette. Det at vi er skapte i Guds bilete ber i seg at vi er skapte for å høyra Gud til, og at det er mogleg for Gud å nå oss med frelse. Poenget er at vi etter syndefallet treng frelse og atterføding, og at dette er å finna i Jesu frelsesverk  – formidla ved nådemidla.