Forkynning og innhaldet i forkynninga

Forkynner på talerstol

Det er avgjerande viktig at forkynnaren har nådegåve til tenesta, men også nådegåva må fyllast med substans. Vert ikkje det gjort, vert det over tid overflatisk og kraftlaust.

Vi var samla nokre karar ein kveld og snakka om framtida for bedehusarbeidet. Då snakka vi også litt om forkynninga. Eg kom til å seia at eg ofte har inntrykk av at når ein seier at det skal vera forkynning og at det er viktig, så trur ein at alt er i orden, at innhaldet og bodskapen då neste kjem av seg sjølv. «Det er akkurat som i skulen, det», kommenterte ein erfaren lærar frå vidaregåande skule, «der har ein no i 20 år snakka om pedagogikk», men det var altså meir uklart kva innhaldet i undervisninga skulle vera.

Eg har påpeika det før, og eg gjer det på nytt: Det vert ikkje rett og god forkynning av seg sjølv. Det er ikkje nok i strategiarbeid å seia at forkynninga er viktig, og det er ikkje nok å gje forkynninga plass i programmet. Det må arbeidast med forkynning, slik at det vert ein bodskap ut frå lov og evangelium, ein bodskap der heile Guds råd er med, og med krossen som sentrum, som lyspunkt og som kraftpunkt.

Eg synest det vert gjort for lite for å gje forkynnarar hjelp til sjølve forkynninga, og særleg kva ei evangelisk luthersk kristendomsforståing ber i seg av dynamikk for forkynninga. Det er avgjerande viktig at forkynnaren har nådegåve til tenesta, men også nådegåva må fyllast med substans. Vert ikkje det gjort, vert det over tid overflatisk og kraftlaust. Her har alle forkynnarorganisasjonar eit stort ansvar for hjelpa sin arbeidarar. Eg synest ofte fokuset er for mykje på ytre forhold i forhold til på det innhaldsmessige. Det å arbeida med ytre spørsmål som strategi, metodar og former, er langt mindre krevjande enn å arbeida med det innhaldsmessige, men tilsvarande mindre viktig.

Eg brukar å referera frå Bergens Indremisjon på slutten av 1800-talet. Der var Jacob Traasdahl den store leiaren, og han samla arbeidarane ein gong for veka for å arbeida med Guds ord med tanke på forkynninga. Andreas Lavik, som vart den første og store sekretæren i Indremisjonsforbundet, var med på desse samlingane, og han kommenterte dei svært positivt: «Dette bidrog til at det kom til å lyde en klar og varm forkynnelse i Bergens Indremisjon, en forkynnelse som førte igjennom til virkelig frigjort kristenliv.» Vi bør læra av det Traasdahl her gjorde. Resultatet var svært omfattande vekkingar av varig resultat.

Johannes Kleppa