Muslimmisjon og islamkritikk

Det må vera mogleg å ha ei positiv og inkluderande haldning til muslimar, samstundes som ein motarbeider islam ved å påpeika dei negative sidene ved religionen. Ut frå kristen etikk og Jesu sinnelag skal vi rekna alle menneske som vår neste, og vår neste skal vi elska som vi elskar oss sjølve.

I  serien «Ettertanke» av Johannes Kleppa

Det undrar meg stadig at det skal vera så vanskeleg å halda saman kjærleik til muslimar som personar, særleg med tanke på misjon, med kritikk av islam som religion, særleg med tanke på samfunnet. Nokre kritiserer islam så sterkt og på ein slik måte at det skapest både avstand til og frykt for muslimar. Det gjer det nesten umogleg å nå dei med evangeliet. Andre framstiller muslimar så positivt og deira tru så velvillig at det nesten vert uråd å ta på alvor dei destruktive elementa som ligg i islam.

Det må vera mogleg å ha ei positiv og inkluderande haldning til muslimar, samstundes som ein motarbeider islam ved å påpeika dei negative sidene ved religionen. Ut frå kristen etikk og Jesu sinnelag skal vi rekna alle menneske som vår neste, og vår neste skal vi elska som vi elskar oss sjølve. Det er direkte synd å plassera muslimane utafor det å vera vår neste, og utafor det å vera inkludert i vår kjærleik – den som spring ut av at Gud viser sin kjærleik til oss ved at han sendt Sonen sin til soning for syndene våre. Muslimane skal vinnast for Gud ved evangeliet om Kristi kjærleik og soningsdød.

Problemet i høve til muslimane oppstår sjølvsagt ved at islam ikkje er ein fiktiv religion, men det er den religionen muslimar trur på. Dei trur det Koranen seier og har Muhammed som profet og førebilete. Då innrettar sjølvsagt muslimar seg etter Koranen og etter forteljinga om Muhammed, med alle dei negative og destruktive konsekvensane som ligg i det. Rett nok tolkar ikkje alle Koranen likt eller forstår Muhammeds føredøme på same måten – eller ikkje tek det like alvorleg, slik at deira praksis vert noko ulik. Vi møter islam gjennom Koranen, men også via praktiserande muslimar.

Denne utfordringa og problemstillinga må vi ikkje møta ved å gå til direkte angrep på muslimane som personar, men på deira religion. Det er islam som religion som skaper problema, ikkje muslimane som personar. Då må vi driva islamkritikk både for å overtyda muslimar om det negative i deira tru, men også for å visa kva destruktive fylgjer det får for land og folk om vi let islam få samfunnsmakt.

Slik islamkritikk kan likevel ikkje stå åleine, han må gå saman med å framheva kva kristen tru er og kva konsekvensar denne har for land og folk. Det må vi gjera både for at folk skal verta frelste og for å få eit best mogleg samfunn å leva i.

Johannes Kleppa