Sal av bedehus og forkynning

«Nokre gonger prøver ein å avdramatisera at bedehus vert avvikla, ved å seia at dei ligg så tett at ein utan problem kan samla arbeidet på eitt hus. «

Eg las nett i Sambåndet at om lag 70 bedehus er selde eller lagde ned dei siste 15 åra innan Indremisjonsforbundet sitt arbeidsområde. Det er ikkje stor grunn til å kritisera det, men det er nokså dramatisk. Det seier mykje om utviklinga i landet vårt. Det seier noko om folkeflytting, men det seier enda meir om eit redusert kristenliv. Der det ikkje er folk til å driva eit bedehusarbeid, er ein nesten tvungen til å avhenda huset, men det inneber samstundes ei avkorting av misjonsarbeidet.

Nokre gonger prøver ein å avdramatisera at bedehus vert avvikla, ved å seia at dei ligg så tett at ein utan problem kan samla arbeidet på eitt hus. Folk har bil og når næraste bedehus på 10-15 minutt uansett. Det er greitt nok for Guds folk, men det gjer det vanskelegare å nå folket. All satsinga på forsamlingsplanting er ut frå prinsippet at vi må driva arbeidet der folk bur. Til tettare det er med forsamlingar, til fleire når ein – for å setja det litt på spissen.

Mange stader der bedehusa står tett, bur det no mykje meir folk enn det har gjort nokon gong før. Det er altså ikkje folk det skortar på, men det manglar kristenfolk som vil arbeida i lokalmiljøet. Særleg med tanke på arbeid for barn og eldre, er det viktig med kort veg til bedehuset. Ein og annan staden har folk flytta frå der bedehuset står, men det er unnatak – og det burde helst ført til bygging av nye bedehus. Dei fleste stadane er problemet at ein ikkje når folket rett rundt bedehusdøra.

Mitt råd er at ein legg all vekt på å samla Guds folk om Guds ord. Det gjeld at ein prioriterer forkynninga, og då kan ein gjerne samlast på tvers av bedehusgrensene, eller ambulera mellom bedehusa. Klarer ein samla Guds folk om forkynninga, og slik byggja den kristne forsamlinga, er mykje vunne. Kunne ein samstundes makta å ta vare på flest mogleg bedehus der folk bur, slik at dei for komane tider kunne vera basar for misjonsarbeid, ville det vera godt.

I serien «Ettertanke» av Johannes Kleppa

Legg igjen en kommentar