Liberale prestar og gyldig sakrament

 

I samband med spørsmålet om likekjønna «ekteskap» og prestar som går inn for det, vert det automatisk eit spørsmål korleis ein skal stilla seg til slike prestar. Skal ein gå og høyra dei forkynna Guds ord, og skal ein motta sakramenta frå dei? Her gjeld det å halda to saker som høyrer tett saman, frå kvarandre.

Det eine gjeld kven ein skal låna øyra til når det gjeld forkynninga av Guds ord. Det enkle svaret på det er: Dei som forkynner lov og evangelium sant og rett. Det gjer ikkje dei som meiner homofilt samliv ikkje er synd. Det gjer heller ikkje dei som gå inn for «vigsel» av likekjønna par. Det same gjeld langt på veg også dei som er imot slik vigsel, men som samstundes meiner det ikkje er kyrkjesplittande, altså at det ikkje rokkar med forkynninga av evangeliet.

Når det gjeld sakramenta, er desse verkekraftige og gyldige i kraft av Guds ord som er knytt til vatnet i dåpen og brødet og vinen i nattverden. Det er ikkje sakramentsforvaltaren som gjer dei gyldige og verkekraftige. Difor kan vi trygt rekna med at dåpen er eit atterfødingsmiddel når han skjer i den treeinige Guds namn i samsvar med dåpsordren. Tilsvarande kan vi trygt rekna med at nattverden gjev oss del i syndstilgjevinga når elementa er innvia og vert utdelte i samsvar med innstiftinga av nattverden

Dersom vi ikkje kunne rekna med at nådemidla var gyldige og verkekraftige ut frå Guds ord åleine, uavhengig av den som forvaltar dei, kunne vi aldri vera sikre på at dei gjev det Skrifta seier, fordi vi aldri kan vera sikre på at forvaltaren ikkje er ein hyklar. Dessutan kjenner vi heller ikkje alltid sakramentsforvaltaren og denne sitt gudsliv. Det var i oldkyrkja ein teologisk strid på dette punktet, og den vart avklart i samsvar med det eg her skriv.

Sjølv om sakramenta er verkekraftig ut frå Guds ord, er det med det ikkje likegyldig kven som forvaltar dei, og det er heller ikkje fritt fram for å bruka kven som helst som sakramentsforvaltarar. Saka er den at sakramenta ikkje står for seg sjølv, som i eit vakum. Dei står i samband med den forkynninga som skjer i møtet eller gudstenesta. Då bør vi ikkje ha dåp eller gå til nattverd der det vert forkynt ubibelsk. Sakramentsforvaltaren opptrer heller ikkje nøytralt, men han står for ein teologi, og vi bør unngå å legitimera vranglære ved å søkja prestar som står for det.

I serien "Ettertanke" av Johannes Kleppa

Legg igjen en kommentar